– Han er ein rådmann med stort engasjement, han er kunnskapsrik og har brei kompetanse, også utover sin juridiske bakgrunn. Han er innovativ, og er ikkje redd for å prøve noko nytt, og finn løysingar som kanskje ikkje har vore prøvd nokon annan stad. Og fleire gongar har vi sett at dette gir gode resultat, skriv Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) i nominasjonsbrevet.

– Han er kreativ, og syner fleksibilitet både i høve politikarar og stab. Han har sterkt fokus på målstyring, men gløymer ikkje menneska bak tala. Han er løysingsorientert, og syner god samarbeidsvilje og –evne, og står støtt og solid i rolla som kommunen sin øvste sjef.

Kommunestyret peikar på at rådmannen har vore ein pådrivar for å få fiber til alle i kommunen, at Vanylven har innført eit eige studiegjeldsfrådrag og at kommunen har gjort eit godt arbeid med inkluderande arbeidsliv.