– Eg følte at eg ikkje kunne vere ein del av dette lenger. Eg er sosialdemokrat, og har alltid vore det. Men for meg handlar dette om moral og etikk knytt til kva eg og partiet har lovd andre parti. Det er det som er mitt problem. Dei som ikkje tar det så alvorleg, dei får berre styre på, seier Heggen.

– Dei ser ikkje framover og gjer vedtak som passar akkurat her og no. Eg meiner at når ein først seier noko, så må ein kunne stole på det som blir sagt, og det opplever eg ikkje at ein kan lenger, fortel Heggen.

Han seier han har vore i kontakt med to andre som vurderer å melde seg ut av Vågsøy Arbeidarparti.

Reagerer på prosessen

I førre veke gjekk eit fleirtal, beståande av Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre, i kommunestyret inn for å legge ned Bryggja og Holvik skular frå hausten 2018, og at elevane på desse skulane blir flytta til høvesvis Skavøypoll skule og Skram skole. I vedtaket heiter det også at «Alternativet med ein felles barneskule i Vågsøy vert å greie ut ytterlegare med tanke på tomtealternativ og bygging. Ein tar sikte på at utgreiing blir snarast mogleg ferdig.».

– Vi hadde to gruppemøte i september og oktober der det var einigheit om at Arbeidarpartiet skulle gå for ein skule, og at alle barneskulane skulle bestå inntil ein ny felles barneskule var ferdig i 2021–2022. Alle skulle snakke med alle for å få fleirtal, fortel Heggen.

Likar ikkje arbeidsmetodane

Han, med fleire, hadde samtalar med andre parti.

– Vi snakka med Senterpartiet, Tverrpolitisk, Rødt, men dei er motstandar av ein skule, og Framstegspartiet. Vi greidde å etablere eit fleirtal for ein skule, men med premiss om å behalde fem skular inntil den nye var ferdig. Det kunne vi jo vere med på etter det var sagt på gruppemøta.

– Her skjer det for meg det fatale. Gruppemøtet endra premissane for skulevedtaket. No skulle ikkje lenger alle skulane behaldast inntil ein ny var ferdig. Dette fordi Arbeidarpartiet ikkje stolte på Senterpartiet, Tverrpolitisk Liste og Framstegspartiet, og frykta at dei ville trenere ein skule seinare. Då må ein jo stille spørsmålet: Kven har størst grunn til å mistru kven, seier Heggen.

Han viser til løftebrotet som vart gjort i budsjettforhandlingane før jul i fjor.

– Når dette skjedde så har eg kome i den situasjonen at eg har blitt einig med dei andre partia om ei avtale som ikkje gjeld lenger. Då stiller eg i same klasse som då ordførar-avtala vart brota, og det finn eg meg ikkje i. Det er hovudgrunnen til at eg melder meg ut. Eg er ikkje slik. Har ein sagt noko, så må ein stå for det.

Heggen seier han ikkje har sansen for arbeidsmetodane i partiet.

– Eg opplever det på den måten at ein kan sitte i eit møte å vere einige rundt bordet, men så byrjar nokre å jobbe for noko heilt anna, og så greier dei å skaffe fleirtal for det. Eg har ikkje sansen for slikt. Om ein er ueinige så får ein seie det der å då, samanfattar Heggen.

– Ein heilt vanleg prosess

Leiar Tove Lill Refvik Volle i Vågsøy Arbeidarparti seier at gjennom handsaminga av saka om skulestruktur har partiet vore gjennom ein utfordrande, men god prosess.

– Vi hadde eit medlemsmøtevedtak i samband med budsjettbehandlinga i 2016, der vi gjekk for tre skular. I forkant av førre kommunestyre hadde vi eit gruppemøte der vi snakka om at vi framleis ønskte å utrede ein skule, og også om mogeleg å behalde fem skular fram til denne stod ferdig, seier Refvik Volle.

– Kommunestyregruppa i Arabeidarpartiet gjorde difor eit fleirtalsvedtak før siste kommunestyremøte om å gå for tre skular, og ei vidare utgreiing av ein skule. Det var fem for og ein som stemte mot dette, forklarar Refvik Volle, og fortset:

– Av og til jobbar ein for ei konkret løysing, men så får ein meir kunnskap og informasjon, som gjer at ein må endre målsettinga. Vi har hatt ein heilt vanleg prosess i denne saka. Målet til Arbeidarpartiet er framleis å få avklart om ein skule kan realiserast.

Refvik Volle stadfestar overfor Fjordenes Tidende at partiet har fått ei utmeling etter handsaminga av skulesaka.

– Kva tenker du om at nokon meiner partiet ditt ikkje ser framover og bryt løfter?

– Det er veldig synd at nokon vel å melde seg ut, men det er eit val folk må få ta. Når det kjem til påstandar om partiet, så må dei som uttalar dei stå for det, seier Ap-leiaren.