– Vi er ikkje einige i den tilrådinga. Grunngjevinga for grensejustering synest ikkje å ha andre faglege argument enn at Selje og Eid skal bli ein samanhengande kommune. Og så er folkeviljen tillagt stor vekt, seier Maurstad, og legg til:

– Det manglar faglege argument som er i tråd med dei formelle krava for å få grensejustering.

I tilrådinga heiter det at: «Vi vurderer at dei økonomiske ulempene ved ei grensejustering er klart innanfor det som er forventa løyst gjennom oppgjeret som skal skje mellom kommunane, og framtidig utjamning av inntekter og utgifte.».

– Det er ein del økonomiske aspekt som ikkje er veldig godt greia ut med tanke på investeringar som er gjort og så vidare. Eg håpar dette kjem på bordet når departementet skal ta si avgjerd, seier Vågsøy-ordføraren.

– Dette er dei inntektene som følger innbyggjarane. Men det er fleire moment, som at vi no byggjer ein ny ungdomsskule som er dimensjonert for å ta imot elevar frå dagens Vågsøy. Den må vi betale gjelda på. Og det same er tilfelle for omsorgssenteret på Bryggja som er dimensjonert for fleire enn dei som soknar til Bryggja. Det må vi erstatte i restkommunen, seier Maurstad.

Ordførarane Stein Robert Osdal (KrF) i Selje og Alfred Bjørlo (V) i Eid seier dei ønskjer ein god dialog med Vågsøy i tida framover, slik at ein skal finne løysingar som er tenlege både for innbyggjarane på Bryggja og for nye Kinn kommune.

– Vi må sette oss ilag for å finne praktiske løysingar, slår Maurstad fast.