Dette vart klart etter at Fylkesmannen i dag la fram si tilråding om grensejustering for krinsane Maurstad, Totland og Bryggja.

I tilrådinga heiter det at: «Det er lagt vekt på at ei grensejustering vil lage ein funksjonell og samanhengande Stad kommune og at det vil vere i tråd med den klare folkevilja hjå innbyggjarane.».

Resultatet frå innbyggjarundersøkinga som vart gjennomført tidlegare i år viser at 79 prosent av innbyggjarane på Maurstad, Totland og Bryggjaer positive til å bli ein del av Stad kommune, og at 84 prosent er negative til å bli ein del av Kinn kommune.

– Vi vurderer at dei økonomiske ulempene ved ei grensejustering er klart innanfor det som er forventa løyst gjennom oppgjeret som skal skje mellom kommunane, og framtidig utjamning av inntekter og utgifter, heiter det i tilrådinga frå Fylkesmannen.

Spørsmålet om grensejustering for Vågsøy-bygda kom først opp i vinter. Etter å ha fått inn rundt 200 signaturar for grensejustering, gjekk Bryggja utviklingslag vidare med planane om å bryte ut av kommunen.

Kommunestyra i Eid og Selje tilrår begge at det vert gjennomført grensejustering slik at krinsane Totland, Bryggja og Maurstad vert del av nye Stad kommune frå 1. januar 2020.

Bryggja-området omfattar 9 prosent av innbyggjarane i Vågsøy og 32,2 prosent av fastlandsarealet kjem det fram i Telemarksforsking sin rapport, som vart lagt fram i august. Grensejusteringa omfattar om lag 550 innbyggjarar i dagens Vågsøy kommune.

– Dersom Bryggja blir ein del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane ut frå ekspertutvalets kriterier bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn. Sterkare tilknyting og identitet i høve til Stad kan og vera positivt for lokalpolitisk engasjement og medverknad, skriv Telemarksforsking avslutningsvis.

Tilrådinga frå Fylkesmannen om grensejustering blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.