Dagleg leiar i Verlo AS Knut Helge Sørpoll stadfestar at partane er samde og at Verlo tek over eigedomen til Firda Canning frå nyttår.

– Sidan vi overtok Verlo i 2007 har omsetnaden auka frå 8 til 40 millionar kroner. Det seier seg sjølv at det har gjeve oss nokre veksesmerter. Det er for tidleg å seie noko eksakt om aktiviteten, men ein del av planen er å flytte noko av aktiviteten i verkstaden inn i det nye bygget. Det vil blant anna gje oss høve til å ha båtane inne når vi jobbar. Målet med dette er at vi skal kunne gje kunden endå betre tenester.

– Vi har med dette kjøpet tilgang på eit samanhengande areal frå der vi held til i dag og nesten heilt bort til ferjekaia. I tillegg er det ein kommunal allmenning mellom Verlo og Firda Canning-eigedomen.

Sørpoll seier dei no har eit fem-seks mål stort areal å vekse på. Oppkjøpet sikrar dei også meir kaiareal.

Verlo driv ei kombinert verksemd med alt frå verftsindustri med reparasjon av båtar til sal av båtar, delar og utstyr.

– Vurderinga vi har gjort er at med den kombinerte verksemda vi driv, er vi best tent med å ligge der vi ligg. Dette trass i endringar i handlemønster der til dømes ein del handel no skjer over nettet. Vi kan med dette satse vidare i sentrum.

Det er snakk om ei utviding av eksisterande anlegg. Ikkje flytting. Ingen ting av bygningsmassen der Verlo held til i dag blir selt.

Dagleg leiar Ulf Lem i Firda Canning er glad over å selje eigedomen til folk med entusiasme og spanande planar.

– Sjølv etter at vi i 2009 la ned produksjonen som den siste hermetikkfabrikken med heilårsdrift i landet etter 85 års drift, har det vore viktig for oss at eigedomen blir brukt på ein måte som er bra for Måløy. Vi har heile tida hatt stor aktivitet på eigedomen, med ulike former for næringsutleige, både til industriproduksjon og til næringslager. Vi har i desse åra også lagt ned ein betydeleg innsats i å arbeide med ulike planar for vidare framdrift for eigedomen, og vore i dialog med ulike partar. I denne prosessen er vi komne til semje med Verlo, som vi synes har planar som på ein god måte sikrar at tomta blir nytta på ein måte som skapar verdi for nærmiljøet, seier Lem i ein kommentar til Fjordenes Tidende.

– Firda Canning Co AS har heile tida vore i familiens eige, og vi er svært glade for å selje til nokon som ønskjer å vidareutvikle denne sentrale tomta.

Var hermetikkfabrikk

Ifølgje leksikonet Allkunne.no vart Firda Canning grunnlagt i 1913 av Audun Lem og Hans Søreide.

Verksemda vart bygd ut til ein av dei store hermetikkfabrikkane på Vestlandet, med opptil 120 tilsette. I dag er Ulf Lem dagleg leiar i Firda Canning. Han er også majoritetseigar i selskapet som sel eigedomen. Ifølgje Lem var fabrikken den siste av norske hermetikkfabrikkar som la ned heilårsdrifta då dei avvikla i 2009.

– Dei siste åra er lokala leigde ut, mellom anna til vinterlagring av campingvogner og slike ting. Vi må sjå på dei eksisterande leigekontraktane, men det ligg nok an til at vi vil bruke det meste av eigedomen sjølv, seier Sørpoll.

Han fortel at Verlo har vore interessert i eigedomen lenge.

– Vi kontakta dei første gong i 2008/2009. Så har det skjedd mykje i mellomtida. Vi kjøpte mellom anna konkursbuet etter Blaalid i 2011/2012. Men no vart kontakten teken opp att.

Kjøpar Verlo Eiendom AS er morselskapet til Verlo AS. Verlo Eiendom eig også 50 prosent av skipsverftet Stadyard AS. Eigarane av Verlo Eiendom AS er Lyng AS med Tore og Agnar Lyng, Malvin Silden, Trond Kongshaug og Knut Helge Sørpoll.

Driv godt

Rekneskapstala Ifølgje proff.no viser at kjøparverksemdene gjekk godt i 2016.

Verlo Eiendom hadde eit resultat før skatt på 3 millionar kroner. Stadyard hadde eit resultat før skatt på 5,1 millionar kroner.

Sørpoll seier bygningsmassen er i bra stand.

– Bygget er delt i to med eit nyare bygg med element. Dette bygget er i bra stand. Resten av bygningsmassen er av eldre dato, men alt er bra vedlikehalde. Det vil likevel krevje mykje oppgradering og tilpassing til nye bruksområde.

Han vil ikkje gå ut med kjøpesummen for Firda Canning-eigedomen.