Fredag kom tilrådinga frå Fylkesmannen som seier at Bryggja bør bli ein del av nye Stad kommune frå 1. januar 2020.

Saka blir endeleg avgjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Du kan lese saka her.

To hendigsnyheiter har også blitt godt lest den siste veka.

Politiet måtte førre helg rykke ut til ein bil som hadde køyrt i grøfta mellom Bryggja og Åheim. Då politiet kom til staden var det to personar ved bilen. Politiet fatta mistanke om promillekøyring, og begge dei to vart tatt med til blodprøvetaking.

Ei falsk melding førte til at væpna politi laurdag ettermiddag måtte rykke ut til Bryggja. Innringaren blir ifølge politidistriktet meld for forholdet.

Andrea Santiago Stønjum (16) gjekk vidare i The Voice fredag kveld. Fleire av mentorane meinte dette var Måløy-jenta si beste framføring.

Du kan lese saka her.