– No startar vi med blanke ark. Vi vil lage eit prosjekt der målet er å få familiar til å busette seg på Bryggja, sa Solveig Midtbø i Bryggja utviklingslag i eit folkemøte som laget arrangerte fredag kveld.

– Vi som har jobba med denne prosessen er utruleg takknemlege for alle støttespelarane vi har hatt undervegs. Vi er veldig godt fornøgd med at Fylkesmannen har gitt positiv innstilling til grensejustering og også lagt til grunn det vi har gitt av innspel, sa Midtbø.

«Kva no Bryggja?»

Parallelt med saka om grensejustering har utviklingslaget arbeidd med ein strategi for korleis ein kan få pilene til å peike oppover for Bryggja. På folkemøtet fredag kveld presenterte dei eit arbeidsdokument med planane sine.

Planane inneber bustadbygging, verdiskaping i form av å legge til rette for meir næring, eit variert kulturtilbod og integrering for å skape trivsel og bulyst for dei som vil etablere seg på Bryggja.

– Sjå til Stadlandet. Der gjekk dei omtrent og vassa i fjøresteinane lenge før nokon tenkte på surfing. Sjå på aktiviteten der no. Vi må sjå på moglegheitene for Bryggja. Vi er komne til dørstokken, men vi har ein lang veg å gå, seier Solibakke.

Meiner skulen er viktig

Utviklingslaget ville ha innspel frå dei frammøtte om kva dei meinte var viktig for ei positiv utvikling i bygda. Fleire peika på at ein må behalde skulen.

– Det er viktig med ein skule i bygda. Skal vi få utflytta ungdomar og unge vaksne tilbake er det viktig at vi kan tilby tomter, barnehage og skule, seier Tor Inge Solibakke (24), som sjølv har flytta tilbake til bygda, til Fjordenes Tidende etter møtet.

Vågsøy kommunestyre har vedteke å legge ned Bryggja og Holvik skular frå hausten 2018. Dette betyr at Bryggja-elevane må flytte til Skavøypoll skule.

Solibakke får støtte av Sigurd Olav Husevåg (21) som meiner det finst moglegheiter om skulen på Bryggja blir lagt ned.

F.v. Tor Inge Solibakke (24), Sigurd Olav Husevåg (21) og Reidar Arne Husevåg (16) meiner Bryggja skule er og blir ein viktig del av ei positiv framtid for bygda.

– Det finst gode alternativ i Kjølsdalen og på Stårheim. Det er betre enn det dei kan tilby oss i ytre, seier Husevåg.

Solibakke peikar på at ungane og deira beste må stå i sentrum i den vidare prosessen.

– Det er viktig at det ikkje blir eit politisk spel, slår han fast.

Utviklingslaget seier dei no vil gå i dialog med Fylkesmannen om korleis ein kan få ein best mogleg overgang, både med tanke på grensejustering og for Bryggja-elevane.