Eli Førde Aarskog (H) og Siri Sandvik (Ap) meiner det er synd at kvinner er underrepresenterte i kommunestyra i regionen. Dei meiner både kvinnene sjølve, partilaga og veljarane må ta grep.

– Når veljarane skal fylle ut stemmeseddelen sin vil dei ha høge, mørke menn. Dette er noko vi må snakke om før eit val. Jentene sjølve må bli flinkare til å markere seg og tørre å stå for noko. Media må også fange opp det som jentene engasjerer seg i, seier Aarskog.

– Vi må få kvinner til å stå på liste, og høgt på listene. Men det er ikkje hjelp i å ville stå der om ein ikkje blir stemt inn. Menn og kvinner stemmer på menn. Eg veit ikkje kvifor det er slik. Kanskje eg er naiv, men eg vel å tru at det ikkje er slik at menn er betre eigna enn kvinner, seier Sandvik.

Ho meiner ein god balanse i politikken krev ein balansert representasjon.

Les meir om «Likestilt» her.

– Der er mange saker der kjønn ikkje spelar noko rolle, men samstundes har kvinner ein annan innfallsvinkel enn menn i enkelte saker. Dermed får ein ei breiare belysing av sakene når ein har med begge kjønn. Sakene i kommunestyret angår alle. Damer og menn, jenter og gutar, så det skulle berre mangle at ikkje begge kjønn var representert, slår Sandvik fast.

To av tre er menn

I kommunestyret i Eid sit det i dag 29 representantar. 19 av desse er menn.

– Etter valet for to år sidan, då vi såg resultatet, snakka eg med Eli. Vi var samde om at det var ganske ille. Veldig mange parti hadde mange bra damer oppe på listene, men dei kom ikkje inn. Fram mot neste kommuneval bør vi sjå på om representasjonen er noko vi kan gjere noko med, understrekar Sandvik.

– Men det var altfor mange parti som ikkje fekk inn nok kvinner. Eg trur mange ser på politikarar som dei som likar å stikke seg fram. Då kan det fort kome kommentarar som at «ho får aldri nok» eller «ho gir seg aldri». Midt oppe i dette kan også kvinner vere kvinner verst. Ein peiker på damene på ein ikkje alltid veldig positiv måte, og det er veldig urettferdig. Dette er eit ansvar som ikkje minst kvinnene må ta.

Meiner kampen ikkje er over

Aarskog meiner det er for mange som tar likestillinga for gitt.

– På enkelte felt så tar unge kvinner likestillinga litt for gitt og tenker at kampen er over. Det vil eg verkeleg påstå at den ikkje er. Kvinnene må vere obs og ta vare på at ein faktisk får bu i eit likestilt samfunn. Det gjer seg ikkje sjølv, og ein må vere frampå om ein skal halde på dette, seier varaordføraren.

Oppmodinga frå dei to kommunestyrepolitikarane er klar:

– Det første er at fleire kvinner må gå i seg sjølve og tenke på om dei vil ta på seg politiske verv. Om du blir spurt, sei ja. Punkt nummer to er at ved neste val bør både kvinner og menn krysse for ei kvinne.