– Det er veldig kjekt. Eg trudde det skulle bli travelt, men det er faktisk ikkje det. Vi spelar ein, av og til to, konsertar for dag. Så har vi fri resten av dagen, fortel Oselie Henden som vann årets utgåve av MGPjr med låten Verda vår.

Etter at dei heldt to utselde konsertar i heimbygda til tre av årets artistar, gjekk turen vidare til Molde, so til Trøndelag, før turnéen med til saman 21 stoppestader blir avslutta i Tromsø 20. desember.

I tillegg til Oselie, Vilde & Anna er superfinalist Eirik frå årets MGPjr med, samt Noah og Dina frå 2016 og Karoline frå 2015.

Meir med i år

Det vart eit forrykande show der artistane først framførte sine eigne låtar, før andre avdeling var meir prega av julestemning. Der var snømannen Olaf, Frost, sledekøyring, reinsdyr, englar, julenisse og juletre.

Vilde & Anna var med på juleturneen også i fjor. Dei seier det nesten er endå kjekkare i år.

– Det er annleis i år fordi vi er mykje meir med i showet, fortel dei.

– Vi var mykje meir nervøse enn vi brukar å vere. Det var veldig mykje kjentfolk i salen. Nesten litt skummelt, meiner Vilde Hjelle og Anna Naustdal.

Turnéen starta i Grieghallen i Bergen 26. november.

Har teke tentamen på nettet

Medan Oselie Henden fortel at ho gjorde unna alt av tentamenar før juleturnéen, har Vilde og Anna hatt prøver medan dei har turnert.

Den første konserten søndag vart litt improvisert på slutten, fordi leiar i Oppvekst og kulturutvalet i kommunen, Knut Tore Nes Hjelle, braut inn i programmet – planlagt sjølvsagt – og overrekte dei tre MGPjr.-vinnarane Ungdomens kulturpris i Eid 2017.

Sjå bileta i karusellen øvst i saka.