Dei maritime elektronikkverksemdene Sigurd Solberg AS og Måløy Radioforretning AS har inngått avtale om å slå seg saman med verknad frå 1. januar 2018.

Det samanslegne selskapet vil få namnet Ocean Electronics AS og vil bli eigd av John Sigurd Solberg sitt holdingselskap Mimar Holding AS og ein del av dei tilsette i det nye selskapet.

Den fysiske samanslåinga av selskapa vil skje i løpet av første halvår 2018 og driftseiningane i Florø og Måløy vil drive som før.

Bedriftene viser til at det i dag er eit sterkt fokus på samarbeid mellom dei to kystbyane i Sogn og Fjordane, og dei meiner at bygging av nye Kinn kommune bidreg til å legge til rette for eit auka samarbeid mellom verksemdene på kysten.

God ordretilgang

Verksemdene melder at ordreboka knytt til nybygg er ved inngangen av 2018 god og fordelt på mellom anna fiskefartøy og fartøy til oppdrettsnæringa som vert bygde ved verft i Norge og i utlandet. Omsetninga i det nye selskapet er berekna til omlag 50 millionar kroner årlig. Det nye selskapet vil ha omlag 18 tilsette og vere mellom dei større selskapa innan maritim elektronikk i Norge. Nybygg, ombygging og driftsvedlikehald/service blir viktige satsingsområde.

– Marknaden er i endring, og vi jobbar i ein internasjonal næring. Med ein større stab blir vi meir fleksible. Marknaden vår er syklisk og svingar fort, men med større kapasitet vil vi kunne levere til dei faste kundane og fleire også når marknaden topper seg. For Ocean Electronics blir det viktig å kunne følge kundane gjennom eit fartøy si levetid, uavhengig av fartsområde. Samanslåinga gir oss størremoglegheit til å spisse kompetansen innanfor eit større spekter av maritim elektronikk, seier John Sigurd Solberg, som fortel at dei som ein del av denne satsinga vil vi ha eigen import av spesielle nisjeprodukt.

Ocean Electronics skal også satse på nye marknader for maritim elektronikk, og vil ha fokus på sikkerheitssystem for hamner, kystområde og oppdrettsanlegg. Kjente produkt som radar, AIS, kamera, VHF radio osv. vil i lag med kompetansen vår sette oss i stand til å dekke nye oppgåver og behov.

Lang historie

Det nye selskapet vil nytte merkevarene Måløy Radioforretning og Sigurd Solberg aktivt i både marknadsmateriell og anna kommunikasjon med marknaden, i tillegg til det nye namnet Ocean Electronics. Dette gjer vi for å sikre gjenkjenning, men og for å ha med ei lang og stolt historie frå begge selskapa som begge har levert maritim elektronikk i over 60 år.

Leiinga av avdelinga i Måløy vil i løpet av 2018 bli overtatt av Birger Silden, samtidig med at Knut Ove Haugen går av med pensjon. Dei andre tilsette i Måløy fortsetter i stillingane sine. Dagleg leiar i det samanslegne selskapet vert John Sigurd Solberg.