– For min del handla det om at det var gullsmed eg ville vere, og skulle eg vere det i heimbygda måtte eg etablere meg for meg sjølv. Det var det alternativet eg hadde, seier Kathrine Berg.

Vi møter henne i forretninga i Eidsgata der BergArt held til.

Ho starta opp i den såkalla Wieselada for over 20 år sidan. Først flytta ho vidare til lokala der Minibakeriet held til i dag. I 2011 tilsette ho Ingrid Oselie Naustdal som dagleg leiar, ei kvinne ho omtaler som «ei gåve». For eit par-tre år sidan flytta forretninga over gata til større lokale.

Det har med andre ord vore ei jamn stigning og utvikling i alle desse 20 åra.

Gje blaffen

Også innhaldet i forretninga er heile tida i endring. Ho lagar stadig nye kolleksjonar av smykke. Det meste er lokalinspirert. Det ho har selt mest av er Eid-hjarta som vi også finn att i Eid Inviterer-logoen, samt rockestjerna ho har designa i samband med Malakoff Rockfestival.

Det siste tilskotet i produksjonen er eit smykke med «Gje blaffen»-motiv designa saman med Vilde & Anna. Dette er ein litt moderert versjon av «Gje F»-smykka ho har laga tidlegare. Smykke forma som Nordfjorden er også av dei siste arbeida til gullsmeden. Og dette konseptet med fjordar er noko ho har tankar om å utvikle vidare.

– Vi er i ein utviklingsfase der vi har søkt stønad til ei merkevare vi kallar «Fjords of Norway». Tanken er at vi kan lage smykke designa også som andre norske fjordar.

– Vi har teke små steg i gongen. Så er vi blitt til det vi er. Vi hadde 20-årsjubileum i år. Noko må vi ha gjort rett.

Eit karaktertrekk ved Kathrine Berg er at ho ikkje berre brenn for eigen butikk, men også for naboane i Eidsgata. Når det er initiativ som kjem i gang i gata, har ho som regel minst ein finger med i arbeidet.

– Min filosofi er at går det bra med naboen, går det bra med meg også. Eg har eit oppriktig ønske om at det skal gå bra med alle. Eg kan ikkje hugse at det var eit mål for meg då eg reiste til Bergen for å gå gullsmedutdanning at eg skulle kome heim til Eid etterpå og starte forretning. Det var ikkje slik eg tenkte då. Men eg er etter kvart blitt ein stor patriot.

Ho omtalar seg sjølv meir som ei kreativ sjel enn som forretningskvinne. Ambisjonane er heller ikkje å byggje opp ei stor forretning og tene seg rik.

– Drivkrafta er det kreative arbeidet. At eg lagar noko folk gler seg over og at eg skapar arbeidsplassar, er ein bonus. Vi er nøgde med å ha ein triveleg arbeidsplass her som vi gler oss til å gå til. Det er kanskje skilnaden på mannlege og kvinnelege gründerar – vi vassar på grunna, dei hoppar rett på djupt vatn.

Føler seg verdsett

– Har du møtt på hindringar som kvinneleg gründer?

– Nei. Eg opplevde tvert om at som kvinneleg gründer i distrikts-Norge så var det ein del stønad å hente frå det som i dag er Innovasjon Norge. Eg har også følt meg ønska og verdsett i lokalmiljøet.

– Kvifor trur du langt fleire menn enn kvinner startar for seg sjølv?

– Det har nok ein del med familiesituasjon å gjere, at kvinner ønskjer å vere heime med born. Så er det også slik at menn har «ballar» som også nokon gongar kan bli for store. Det har nok med at menn i mange tilfelle vågar meir. Når det er sagt, skal det seiast at dei fleste som driv butikk her i gata er kvinner.