MF Gloppefjord og MF Eidsfjord har forventa ankomst til Florø i desse dagar om veret held seg bra.

- Når fartøya er på plass i Florø/Nordfjord, vil det bli ein kort periode med utrustning, opplæring av mannskap, og utteseting av kai og ladeanlegg før dei blir sett i drift. Vi forventar at fartøya blir sett inn i ruta Anda-Lote i løpet av veke 1 eller 2, fortel regionleiar Tor Kristoffersen.

Sambandet startar uansett opp med 2-ferjedrift frå 1. januar i samsvar med kontrakt og publisert rutetabell. Det vil då vere ferjene MF Årdal som trafikkerer A-ruta, og MF Sognefjord i B-ruta.

Sambandet endrar også takstregulativ til autopassregulativet, men det blir samtidig billettert manuelt som tidlegare.

- Vi vil også gjere reisande merksam på at oppstillingsplassane på kaiene er bygd om til autopassbillettering, og at dette kan medføre noko endra køyremønster, seier Kristoffersen.