I år vert det deltakarrekord med 38 skular frå fylket som deltek i Klassequizen, kunnskapskonkurransen for alle elevane på tiande klassesteget.

Deltakarar frå Vågsøy ungdomsskule er Reèdin Blålid Hodne, André Eriksen Larsen og Maria Lade. Som reservar stiller Isak Johansen og Amalie Skavøypoll Hestenes.

– Eg gleder meg veldig til å kome rundt og treffe ungdommar i heile fylket. Vi har mange gode spørsmål på lur og eg er spent på å sjå korleis 10. klassingane klarer seg når eg kjem på besøk på dei ulike skulane, seier quizmaster Wilhelm Støylen frå NRK Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Klassequizen besøker Vågsøy og Eid ungdomsskular onsdag, Selje og Stadlandet måndag 26. februar og Svelgen og Davik måndag 5. mars. Fylkesfinalen blir sendt direkte 15. mars.