Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 19. janaur.

Informasjonen frå politiet er blitt dårlegare etter reforma

Etter at politireforma vart innført og operasjonssentralen vart flytta frå Flora til Bergen 8. november i 2017 så er det spøkefullt sagt at det er slutt på kriminalitet her i fylket. Dette er dessverre ikkje rett. Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum seier til Fjordenes Tidende at politiet har like mykje å gjere no som før 8. november. Politiet innrømmer no at dei ikkje har klart å informere lokale media her i fylket så godt som før.

For oss er det viktig å formidle det som skjer, oppdrag som politiet er ute på og brotsverk som blir gjort raskt. Dette har både ei opplysande og ikkje minst ei førebyggjande effekt. Det er viktig å formidle kva som blir følgjene av brotsverk, at det er eit politi og rettssystem som straffar dei som bryt lovene. I 2017 var det stort fokus på politireforma og endringane som skjedde i politiet. 8. november vart den lokale operasjonssentralen i Sogn og Fjordane i Flora lagt ned og sentralisert til Bergen i samband med nye Vest politidistrikt. Etter det så vart politiet merkbart dårlegare på informasjon om kva som skjer i vår region. Vi merka også at det var nesten umogleg å få komme i kontakt med folk på operasjonssentralen i Bergen når vi hadde kjennskap til at det skjedde ulukker, brann eller andre situasjonar der politiet bidreg.

I tider der mange deler bilete og meldingar usensurert på sosiale medium, har vi som redaktørstyrde medium eit stort ansvar med å komme ut raskt med korrekt informasjon som ei motvekt til rykte og feilaktige spekulasjonar som fort spreier seg på sosiale medium. Her har det nye politiet og media ei stor og viktig oppgåve å finne ut korleis dette kan løysast og gjerast betre for begge partar. Dette handlar om respekt og tryggleik.