Denne leiiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 9. februar.

Blir det økonomien eller folket som bestemmer?

I ytre Bremanger er det mange som reagerer på forslaget om å flytte helsestasjonen frå Hauge til Svelgen. Mange fryktar eit dårlegare tilbod til folk i denne delen av kommunen. Denne veka arrangerte tre småbarnsmødrer fakkeltog for å vise at folk i ytre slår ring om helsestasjonen. Det var i fjor at to prosjektgrupper i Bremanger la fram eit forprosjekt der ein såg på endringar og omorganisering i både skule- og helsesektoren med utgangspunkt i kommunen sin økonomi. Ifølgje prosjektgruppene har ikkje kommunestyret endeleg vedteke endringane. Framskrivingar viser at det blir fleire eldre og sjuke, og færre barn i skulane, i Bremanger. Eitt av forslaga innan helsesektoren var å samle helsestasjon, jordmor og legetenesta i Svelgen.

Folk i ytre peikar på at det er sårbare grupper ein no vil redusere tilbodet til. Det er nyfødde babyar, nybakte mødrer, barn og ungdom. Dei meiner desse tilboda ikkje vil vere tilgjengelege på same måte om dei blir flytta til Svelgen. Det blir peika på at avstandane er store, offentleg transport er dårleg utbygd, og ein får ikkje støtte til taxi, så utan sertifikat kjem ein ikkje langt.

Engasjementet er stort. Dei som arrangerte fakkeltog tysdag håpa på at 50 møtte opp. Talet vart firedobla. Rundt 200 møtte opp for å vise at dei vil behalde helsetilbodet i ytre Bremanger. Det er ikkje vanskeleg å støtte kravet om å halde på helsestasjonen på Hauge. Men så er spørsmålet kva politikarane gjer når dei skal endeleg lande det som prosjektgruppene jobbar med. Blir det økonomien som bestemmer eller lyttar dei til det folkelege opprøret som er i denne saka? Og er det økonomien som styrer, kva andre tilbod må vike dersom politikarane fredar helsestasjonen.