Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

I dag skal leiaren handle om nettopp denne spalta, redaktøren si faste ytring eller kommentar. Nesten alle redaktørstyrte medium har ein fast spalte der den som er ansvarleg for alt innhaldet kommenterer aktuelle tema. Som redaktør er dette sjølvsagt eit privilegium som eg har stor respekt for. Samstundes er det ikkje alltid er uproblematisk å ha sterke meiningar. Mange trur og meiner at det redaktøren ytrar og har meiningar om på leiarplass styrer journalistikken vår også. Det stemmer ikkje.

Leiarkommentaren står for redaktøren si rekning. Journalistane i Fjordenes Tidende skal vere frie og uavhengige. Uansett kva som står på leiarplass så skal vi leite etter fakta og få fram meiningar og informasjon frå alle sider i alle saker. Vi skal vere balanserte i journalistikken. Vi skal vere vaktbikkjer som skal følgje med på offentlege møter og informere om vedtak og tiltak som blir gjort som har følgjer for folk i vårt dekningsområde. Vi skal vere ein formidlingsarena for dei som får kvardagen sin forma av ulike vedtak. Vi skal også formidle alt det positive som skjer innan næringsliv, kultur, sport og anna.

Fjordenes Tidende sitt mål er å vere ei lokalavis som alle kan stole på. Alle kan få sleppe til med sine meiningar så lenge det er på rett side av norsk lov og i tråd med vårt viktigaste verktøy: Vær Varsam-plakaten. Vi er ikkje noko politisk organ. Vi skal vere litt for alle. Det er sikkert nokon som meiner at vi av og til prioriterer feil, at vi er for forsiktige, at vi burde vore langt tøffare og kritiske, at vi overdekker enkelte saker og at vi ikkje dekker andre saker. Håpar alle som vil ha ei lokalavis i ytre Nordfjord og Bremanger tenker på at vi er formidlarar og ikkje politikarar. Vi er alltid nær, og har du meiningar om oss, så ta gjerne kontakt.