Det melder Fjordabladet.

– Dette har vore ein veldig tung avgjersle, og eg har tenkt meg godt om, seier innehavar Elin Vederhus, som pendlar mellom Eid og Selje, til avisa.

Bakgrunnen for avgjersla om stenging har ifølgje Fjordabladet fleire årsaker. Ho konstaterer at alderen begynner å tale imot henne. Vederhus har heller ingen i familien til å overta butikken som ligg plassert i nordenden av Eidsgata.

– Omsetninga har gått ned siste åra, og desember månad med julehandel var ikkje som forventa. Det gjorde at tankane om å slutte har auka på, fortel ho.

Nyleg vart det også kjent at butikken Bergset sko, i andre enden av gata, er inne i siste driftsår.