Denne veka gjennomfører Norstat, på oppdrag frå Fjordenes Tidende, Firdaposten og NRK Sogn og Fjordane, ein telefonspørjeundersøking i Vågsøy om den planlagde kommunesamanslåinga med Flora.

– Debatten og engasjementet rundt samanslåinga siste månadane har vore enorm, spesielt i Vågsøy. Eg har aldri opplevd liknande pågang av ytringar og meiningar, seier ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Han seier dette er grunnen til at Fjordenes Tidende i samarbeid med dei to andre mediehusa vil finne ut kva innbyggarane i Vågsøy meiner om samanslåinga med Flora eitt år etter at Vågsøy og Flora kommunar gjennomførte ei liknande innbyggarundersøking i desse to kommunane.

Spørsmålet i mars 2017 var «Vågsøy og Flora har forhandla fram ei intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane frå 1.1.2020. Er du for eller mot ei slik samanslåing?»

I Vågsøy var då 31 prosent for samanslåinga, medan 55 prosent var mot. Seinare har både Vågsøy kommunestyre, Flora bystyre og Stortinget vedteke samanslåinga. Nyleg vart det likevel klart at Vågsøy skal gjennomføre ei folkeavstemming om samanslåinga 11. juni. Nøyaktig kva som vert spørsmålet i avstemminga vert først bestemt i neste kommunestyremøte, 22. mars.

600 respondentar

I spørjeundersøkinga denne veka vert følgjande spørsmål brukt: «Er du for eller mot samanslåinga av Vågsøy og Flora som Stortinget har vedteke?»

Det er altså Norstat som skal ringe innbyggarar i Vågsøy denne veka. Dette er eitt av dei store byråa som utfører marknadsanalyse i Norge.

– Målet er å få 600 svar. Resultatet vil bli presentert mot slutten av neste veke. Denne meiningsmålinga gjennomfører vi tre mediehusa på heilt fritt grunnlag, og byrået gjer eit fagleg utval av folk som blir ringde opp, seier Wåge.

Han understrekar at undersøkinga er anonym og at alle innbyggarar i Vågsøy kommune over 18 år kan bli ringde opp – det gjeld også innbyggjarar på Bryggja, Maurstad og Totland. Sjølv om dei skal overførast til Stad kommune i 2020, så inngår desse i det faglege grunnlaget i spørjeundersøkinga, på same måte som at dei vert spurt i folkeavstemminga i juni. Vi kan likevel skilje respondentane ut frå postnummer, slik at resultata frå mellom anna Bryggja-området kan vurderast spesifikt.

Fjordenes Tidende har også fått spørsmål om dei som vil ringe rundt frå Norstat gjer det frå eit ukjend nummer.

- Nei, dei vil ringe frå eit heilt vanleg telefonnummer. Det er Norstat si avdeling på Lillehammer som skal utføre spørreundersøkinga, så nummeret dei ringer frå startar på 614, seier Wåge.

– Grunnen til at vi vel å gjennomføre ei slik undersøking no er at dette er ei viktig sak som har skapt enorm debatt, spesielt i Vågsøy. Vi ønskjer å vite meir om kva innbyggjarane meiner om samanslåinga i dag, eit halvt år etter at fellesnemnda starta planlegginga av Kinn kommune og tre månader før Vågsøy kommune gjennomfører folkerøysting, seier Wåge, og legg til: