Dette heiter det i ei fråsegn frå Sogn og fjordane Senterparti.

Partiet meiner regionreforma har vore ei sentraliserande og udemokratisk reform.

– No når fleirtalet på Stortinget meiner det er behov for større og sterkare regionale folkevalde einingar og har vedteke å halvere talet på fylkeskommunar, så er det Stortinget sitt ansvar å følgje opp, heiter det i fråsegna.

– Lokal kunnskap vil føre til meir skreddarsydde løysingar i kvart enkelt fylke. Flytting av oppgåver frå sentralt byråkrati til nærare folkevald nivå, vil gje ei vitalisering av lokaldemokratiet.

Partiet meiner fleire oppgåver må flyttast ut frå statleg byråkrati og til folkevald nivå i dei nye fylkeskommunane. Desse oppgåvene er Bufetat og familievern og statped, og at dei folkevalde samstundes må få auka ansvar for forsking, kultur, planlegging, rovdyrpolitikken og integreringspolitikken.