Grunngjevinga for prisauken er at kommunestyret fastsette tomteprisane i Hogaåsen i 2015, noko som var meir enn eitt år før planlagd ferdigstilling i 2016. Prisfastsetjinga på 691,75 kroner per kvadratmeter vart difor gjort på budsjetterte kostnadar.

Prisen var seinare regulert i samsvar med konsumprisindeksen, og utgjer per i dag 717,10 kroner per kvadratmeter.

Sluttrekneskapen viser eit meirforbruk på 4,5 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift. Formannskapspolitikarane og administrasjonen meiner denne kostnaden bør leggast til tomteprisen, slik at kommunen kan få dekka utbyggingskostnaden.

Politikarane bestemte seg difor om å sette prisen til 750 kroner per kvadratmeter.