– Vi har fått lite tips førebels. Vi har ikkje andre spor enn det vi sikra søndag, fortel lensmannen.

Bakke understrekar at dei gjerne vil ha tips frå folk som har sett eller høyrt noko mistekeleg.

– Vi stengte som vanleg etter ein travel dag laurdag og reiste heim i 23-tida. I 10-tida søndag opna min bror restauranten og då han såg korleis det såg ut ringte han meg umiddelbart, sia dagleg leiar Fouad al Dabbagh til Fjordenes Tidende måndag.

Eit vindauge på sjøsida av bygget var knust og inne i restauranten var det tilgrisa med blant anna brennevin, andre drikkevarer, dressing og mat. Den eller dei som står bak fekk også med seg i overkant av 3.000 kroner fra kassaapparatet.