– No blei eg heilt skjelven. Dette er ein sak vi har kjempa for før og gjort oss høyrde i. Det ville vere ein forferdeleg tilbakegang for bygda om legekontoret blir flytta til Svelgen, seier pensjonistlagsleiaren.

Det er ikkje første gang dei har måtta på barrikadane for å forsvare eit legekontor i ytre.

– Vi har sendt inn brev og protestert før. Det er derfor eg nesten er litt sjokkert no, for eg trudde denne prosessen var noko vi var ferdig med, seier Vadøy Hauge, som forstår at det blei litt rot då forstudien med forslag til ny helseorganisering skulle vedtakast.

– Fastlegane i ytre er uroa for at det ein no tek opp igjen dette vedtaket, der legekontoret i ytre blei freda, betyr at diskusjonen om sentralisering av legetenestene kan blusse opp igjen. Er det noko de er uroa for også?

– Ja, og ikkje lite heller. Det er mykje eldre befolkning i ytre der nærleik og kjennskap til legane er viktig. Det er lange avstandar frå ytre til Svelgen, og det på dårleg veg. Eg køyrer sjølv bil, men synest det er langt til Svelgen.

Og Vadøy Hauge tenkjer ikkje berre på dei som allereie bur i ytre Bremanger.

– Dei eldre som bur her er ein ting, men kva med dei unge, som vil bu her eller flytte hit. Slike diskusjonar om viktige tilbod som forsvinn skapar uro for dei, så vel som for oss som bur her.

Ho meiner kommunen berre tenker budsjett og profitt om dei vel å legge ned kontoret.

– Sentralisering blir jo dyrare på eit anna budsjett om alle skal reise til Svelgen, seier ho, som har sett seg lei på alle kampane ein må kjempe for å behalde tilboda sine.

– Uroa sit i kroppen for kva kamp ein må ta tak i no. Om det ikkje er ambulanse og legevakt, er det tannhelseteneste, jordmor, helsestasjon og no kanskje legekontoret også. Ho meiner administrasjonen no må legge fram tal på kva desse innsparingstiltaka vil beløpe seg til, og så må brukarar og andre få vere med i prosessen.

– Vi har aldri sett eit einaste tal i denne saka. Det er veldig viktig å få kjennskap til kor mykje ein faktisk sparer, seier ho, og peikar på at det kan hende pensjonistlaget vil sende eit brev til kommunen.

– Skal folk bu her, må dei gje oss det vi har krav på!

Vil ikkje forskottere standpunktet

Venstre var blant partia som i juni i fjor stemte for å ta sentralisering av legekontoret ut av vidare arbeid med innsparingar i helsesektoren.

Men gruppeleiar Kåre Jarl Langeland (V) var ikkje sjølv på møtet 15. juni i fjor, og peiker derfor på at han ikkje kjenner saka godt nok til å kunne seie om partiet vil stå på standpunktet når saka skal opp til diskusjon igjen torsdag.

– Eg har ikkje sett sakspapira, så vi må få lese og diskutere før vi kjem med vårt standpunkt, seier Langeland.

Ap, som saman med Venstre kom med framlegget om å frede legekontoret i ytre i juni i fjor, seier dei, inntil noko anna er bestemt, står på vedtaket dei gjorde.

– Vi står på vedtaket som var gjort der, at legekontoret skal ut av innsparingslista. Vårt inntrykk er også at det i denne saka handlar meir om det å klargjere kva som låg i dette vedtaket. Vi trudde vi vedtok ein forstudie der ein kasta opp idear før kvar sak, i alle fall dei større, ville kome tilbake til kommunestyret for behandling. Så dette handlar eigentleg om framgangsmåten i arbeid ein set i gang, seier gruppeleiar for Ap, Espen Sortevik.