Det er fotballgruppa i Selje Idrettslag som står som arrangør av den nest største utandørscupen i Sogn og Fjordane.

– Det brukar å delta cirka 140 lag, og omlag 1.100-1.200 spelarar frå cirka 40 klubbar, fortel Atle Solheim i Selje Fotball.

Hovudturneringa med klasser i aldersgruppene 11-16 år er frå fredag til søndag.

– I utgangspunktet tek ein sikte på at gutar og jenter 15-17 år spelar fredag kveld, andre klasser 11-14 år laurdag og søndag. Og søndag er det også avslutning av cupen med Kongleriket-turnering for minilag 6-10 år, seier Solheim.

Men alt handlar ikkje om fotball, sjølv ikkje på fotballcup.

– Vi har også i år mykje program utanom kampane. Det vert mellom anna grillselskap laurdag og søndag ettermiddag, cupdiskotek med karoke og lagleiartreff laurdag kveld. Ellers vert det mange aktivitetar og mykje moro heile helga, lovar Solheim, og legg til:

– Selje har mykje å by på sommarstid, og cupen er eit fint høve til å nytte seg også av andre tilbod som kommunen har. Med Selje Hotel ute av drift er det framleis ei ekstra utfordring i høve overnatting for alle tilreisande under cupen, men Solheim håpar på hjelp frå lokalebefolkninga.

– Vi oppfordrar alle som har husvære til leige om å melde frå til oss, slik at vi kan hjelpe flest mogeleg til å få overnatting, seier han.

I tillegg til å overnatte privat, har ein også Seljecupens C-kort, det handlar om overnatting på skule, klubbhus, barnehage og andre lokale i og utanfor sentrum.

– Det er svært populært for deltakande lag å nytte seg av dette, og C-kortet inneheld også alle måltid frå kveldsmat fredag til og med frukost søndag, cupdiskotek og mykje meir, seier Solheim som skryt av kjøkkenet.

– Våre kokkar vil syte for framifrå matservering under cupen også i år, og ein godt drilla arrangørstab skal gjere sitt ytterste for at cupen blir ein suksess, seier Solheim, som håpar folk melder seg på fort.

– Det brukar å bli fullt så det løner seg å vere tidleg ute. Siste påmeldingsfrist er 25. april, seier han og håpar å sjå mange glade fotballspelarar i juni.

– Vi gler oss i alle fall til ei ny strålande fotballhelg, og ynskjer spelarar, leiarar og alle andre velkomne til Seljecup!