– Til no har det vore mykje prat og lite handling frå norske myndigheiter si side. Vi er avhengig av offentleg finansiering for å få dette til. Gevinsten er at maten vi tek opp frå havet blir reinare. Norge har eit stortstilt søppelsystem på land. Men i sjøen flyt det utan at noko blir gjort. Det er ein billig pris å betale, meiner Haugen om dei mellom 46 og 60 millionar kronene verksemda treng i året for å drive ryddefartøyet.

– Det kostar 6.000-7.000 kroner i døgnet å drifte ein søppelbil på land. Dette fartøyet vil koste 80.000-100.000 kroner i døgnet. Det skal vere i aktivitet 360 dagar i året. Samanlikna med ein søppelbil vil vi kunne samle saman heilt andre mengder. Ikkje minst vil vi kunne ta hand om 500-1000 kondemnerte privatbåtar i året. Vi veit at mange av desse blir slått hol på og senka. I løpet av kort tid blir dei til mikroplast som går rett i maten vi et. Vi flyttar berre søppelinnsamlinga frå land til sjø, argumenterer Haugen, og lovar kort responstid om staten blir med på satsinga.

– Vi treng fire til seks veker så er vi klar. Vi har avtale med Havila om å leige fartøy med mannskap. Vi vil ta i bruk ny teknologi som tungløftsdrone og ROV, og vi vil ha båtar slik at vi både kan gå i land og ha lettare tilkomst til sjøen. Søppelet blir sortert på skipet, og på land vil vi ha system for å få det vidare til gjenvinning, forklarer Frode Haugen.

Roger Haugen (i midten) på Stortinget i samband med arbeid for å få det offentlege systemet med på satsinga. Her med KrF-politikarane Steinar Reiten og Tore Storehaug (t.h.).

Han starta selskapet saman med kona Elisabet og tvillingbroren Roger for to år sidan.

– Vi starta selskapet før kvalen som vart funnen full av plast utanfor Bergen. Både eg og Roger jobbar på båt. Eg såg dette problemet første gong for 20 år sidan då vi fiska ved Svalbard. Det var selar vikla inn i kasserte fiskegarn, dei nærast bad om å bli avliva. Det var så grotesk at du må ha opplevd det for å skjøne. Heilt sidan den gongen har eg engasjert meg, seier Frode Haugen.

Han var den av dei tre som var tilgjengeleg då vi var på Nordstranda utanfor Fiskå der firmaet held til. Haugen seier selskapet er drive på idealistisk basis, og at motivasjonen eller målet ikkje er å tene seg rik.

– Vi har jobbar ved sidan av, men brukar alle ledige stunder på å få til satsinga på Clean Coast. Vi gjer dette for miljøet.

Ifølgje Frode Haugen er selskapet i tett dialog med det politiske miljøet på Stortinget, utan at det så langt er kome løyvingar til denne typen storskala opprydding i havet.

Dei har hatt møte med mellom andre Ola Elvestuen (V), like før han vart klima- og miljøminister, og med KrF-politikarane Steinar Reiten (Møre og Romsdal) og Tore Storehaug (Sogn og Fjordane).

– Alle ære til private som ryddar søppel i fjæra, dei gjer ein kjempejobb. Dette har eit anna omfang. Ti prosent av søppelet ligg på strendene, 90 prosent i havet. Det er der vi må setje inn den store innsatsen. Det krev ei opprydding og ei haldningsendring. I dag er haldninga «kast det på sjøen der ingen ser det», seier Haugen.