Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 24. april:

Frivillige i brannvesen i alle kommunane gjer ein viktig jobb

Sist torsdag skjedde det som kunne blitt ei skikkeleg katastrofe i Vågsøy. Det tok til å brenne like ved eit bustadfelt i Deknepollen. Brannen spreidde seg fort og lenge såg det skikkeleg skummelt ut. Men takka vere stor innsats frå både lokalt brann- og redningskorps og lokalt politi, så enda det heile godt. No leitar politi og andre etter årsaka til grasbrannen, og vil mellom anna undersøke straumstolpane i området og dei sjekkar også det vitner har fortelt om at ein uheldig fugl kan ha truffe ei høgspentmast.

Det var veldig tørt i graset etter mange dagar utan regn. Flammane spreidde seg fort. Det vart raskt slått alarm, og det tok ikkje lang tid før det lokale brann- og redningskorpset i Vågsøy rykte ut til området saman med lokalt politi. Det bles kraftig og brannen spreidde seg med stor fart opp fjellsida. Men til alt hell så bles vinden slik at flammane spreidde seg bort frå dei mange husa som ligg på Øvre Tennebø. Det var imponerande å vere vitne til kor raskt brannvesenet var på plass, og korleis dei organiserte seg for å få kontroll på brannen. Brannfolka klatra opp i det bratte og vanskelege terrenget for å stanse brannen. Og det var nok rett og smart å tilkalle brannhelikopter. Sjølv om det tok tid før helikopteret kom så var dette eit viktig bidrag til å sløkt brannen.

Det lokale brannvesen i dei fleste kommunane består av frivillige. Folk som har andre jobbar og som likevel er klare til å rykke ut. Når alarmen går så er det full fart. Alle veit kva dei skal gjere og det meste går på autopilot. Det er imponerande.

Det er trygt og godt å vite at det er gode og modige folk i brannvesenet, ikkje berre i Vågsøy, men i alle kommunane. Dei gjer ein viktig jobb og fortener honnør.