Politikarane skal torsdag behandle saka om tildeling av SMIL-midlar i Bremanger, og administrasjonen føreslår følgjande prioritering av midlane:

Knut Arne Vadøy får 32.000 kroner til gjerde med grunngjeving at det er behov for innmarksbeite. Gunnstein Indrehus og Åse Leirgulen får høvesvis 17.000 kroner og 27.000 kroner til å setje i stand gamalt gjerde. Karl Vidar Førde har søkt midlar til nytt grensegjerde, og får 21.000 kroner i tilskot.

Anette Midtbø og Indrehus Gard Myrhol får høvesvis 21.000 kroner og 35.000 til rydding av gamalt kulturbeite. Idar Dombestein får 27.000 kroner til pressaftkum med grunngjeving at det er lekkasjar i gamal kum.

Den åttande søknaden, frå Olav Jarl Frøyen, om gjerde i Dalsbotnen vert ikkje prioritert for SMIL-midlar med grunngjeving at det er eit stort prosjekt som krev meir planlegging og betre samhandling mellom grunneigarane.