Prosjektleiaren og rådmann for nye Stad kommune leia debatten under mobiliseringa for lokaldemokratiet i Operahuset onsdag kveld, der ein hadde spesielt fokus på å få betre kjønnsbalanse i folkevalde demokratiske organ. Ho trur ordet makt er negativt tona.

– Det er betre å snakke om kor meiningsfullt det er å få vere med å dra samfunnet i ei retning. Det handlar om å overlevere eit samfunn til dei som kjem etter oss, seier Krogsæter.

– Hadia Tajik var tydeleg på dette med rekrutteringsprosessen. Ein må vere målretta for å folk til å stå på ei liste, at ein må ville noko med den personen ein ønskjer å få med og ikkje gi deg om du meiner at folk har noko å bidra med. Og når ein får dei til å seie ja, så må ein spørje kva personen treng for å ta på seg eit slikt verv. Om det er ein åleineforelder, kanskje det er barnepass, kanskje er det tid på dagen eller arbeidsgjevar som er vanskeleg.

Møtet vart eit avspark for partia sine arbeid framover mot Stad. Sjølve nominasjonsarbeidet blir viktig, ifølgje Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

– Det er utfordringar for kvart enkelt partilag, både å nominere fram kvinner på ein sikker plass, og at partigruppene må løfte kvinner fram i ei periode, slik at ein føler at det er meiningsfylt å ville gå på ein periode til, seier Osdal.

I Stad kommune vil ein utforske alternative måtar å organisere politisk arbeid på.

– Ein kan samhandle med innbyggjarar gjennom oppgåveutval, som er eit tidsavgrensa utval nedsett av kommunestyret der ein aktivt går ut og rekrutterer innbyggjarar til å vere med. Ein blir ikkje politikar, men ein kjem tettare på prosessane. Ein blir då valt ut frå kriterium som det å ha eit spesielt engasjement, eller representerer ei viktig gruppe, seier Krogsæter.

– Og med dette kan ein få med fleire kvinner?

– Ja, for når ein aktivt rekrutterer har ein meir innflytelse. Dette er også eit avgrensa arbeid på til dømes eit halvt år, så ein binder seg ikkje til fire år, seier Krogsæter, som trur tidsaspektet er viktig.

– Ja, i alle fall for kvinner som har mange ballar i lufta – både jobb, småbarnsforeldre og skal administrere ein heim i tillegg.