Lærarar som er medlemmer i utdanningsforbundet i alle kommunar i landet har streikemarkering mellom klokken 16.00 og 18.00 i dag, tysdag.

I Vågsøy står dei ved Måløy Brygge, i Selje på Nabben og i Bremanger skal det vere i Svelgen sentrum. Det same i Eid der dei er i Nordfjordeid sentrum.

Målet med markeringa er å vise seg fram, dele ut materiell og forklare folk kva situasjonen er og kva konflikten går ut på.

Så langt er 111 lærarar er tekne ut i streik i Sogn og Fjordane frå måndag 11. august. Streiken råkar hovudsakleg Hafstad vidaregåande skule, Halbrend skule og Førde ungdomsskule. Så langt er ingen i Nordfjord i streik.

I dag er rundt 5.500 lærarar i streik på landsbasis. Frå og med torsdag er det varsla at streiken blir trappa opp med 2.200 nye lærararar.

Har du sympati med lærararane som streikar? Ja Nei Du må velge et alternativ Din stemme blir nå behandlet... Har du sympati med lærararane som streikar? Ja 36% Nei 64% Du har allerede stemt 1183 stemmer