Brann- og redningsvesenet i Vågsøy måtte tysdag føremiddag rykkje ut saman med folk frå Vågsøy kommune og det interkommunale oljevernet til Nordfjord Hamn for å samle opp olje som har runne ut på hamna.

Utsleppet skal stamme frå Vågsøy Ungdomsskule i Måløy som ligg mellom Gate 4 og 5.

Fyringsoljen skal ha runne ut i sjøen på hamna i Måløy, og var godt synleg over eit større område.

Brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle seier til Fjordenes Tidende at olje kan ha runne ut sidan måndag kveld.

  • Det er snakk om 10 kubikk med fyringsolje som kan ha runne ut. Vi veit endå ikkje årsaka til at det har skjedd, sa Hjelle til Fjordenes Tidende tysdag klokka 11.30.

Hjelle trudde då at dei skulle få kontroll over utsleppet. Oljen rann truleg ut i hamnebassenget under kaia på Inter Com Terminalen.