Rektor ved Vågsøy ungdomsskule, Kåre Bakke, stadfestar at oljelekkasjen på hamna stamma frå ein tank på Ungdomsskulen.

- Utover det veit eg ikkje meir. Det er det eigedomsavdelinga som veit, sa Kåre Bakke til Fjordenes Tidende tysdag klokka 12.15

Det var tysdag morgon at det vart oppdaga at tanken med fyringsolje ved ungdomsskulen i Måløy lak, og at det rann olje ut i hamna.

Bakke seier det som har skjedd påverkar ikkje drifta av skulen eller undervisninga.

- Her går alt som normalt. Vi er i full drift etter ferien, seier Bakke.