Då til­set­te ved Svel­gen opp­vekst mån­dag opp­da­ga ka­ker­lak­kar, var dei raskt på ba­nen med til­tak. Men det kan li­ke­vel ta flei­re ve­ker, kan­skje må­na­der, før ska­de­dy­ra er fjer­na for godt.

– Ka­ker­lak­ka­ne blei opp­da­ga første dag et­ter som­mar­fe­ri­en, på SFO-av­de­lin­ga, for­tel drifts­sjef Ca­ri­na E. Sol­våg.Dei tok af­fæ­re med ein gong.

– Vi kon­tak­ta tek­nisk av­de­ling lo­kalt og ringde mil­jø- og hel­se­ver­net i Flo­ra og snak­ka med smit­te­vern­le­gen. Via han fekk vi kon­takt med Rentokil som var på plass ons­dag.

Har stengt av av­de­ling

Et­ter råd frå Rentokil steng­de sku­le­lei­in­ga av SFO-lo­ka­la og har fun­ne and­re lo­ka­le på sku­len til des­se ele­va­ne.

– Vi har låst igjen, tei­pa sprek­ker un­der og rundt døra og stengt ven­ti­la­sjons­sys­te­met. Alt for å prø­ve å hind­re at dei sprei­er seg, sei­er Sol­våg.

Alle mat­va­rer som var opna er kas­ta, og nye mat­va­rer til sku­len vil bli pak­ka i tet­te bok­sar. Sku­le­lei­in­ga har også sørga for at kle­da som låg på av­de­lin­ga blir handtert på ein slik måte at dei ik­kje rep­re­sen­te­rer noko vi­da­re fare for sprei­ing.

Kryd­der og limpapir

– Kva gjer de vi­da­re no?

– No er det ik­kje meir vi kan gje­re. Rentokil har vore inne og sett ut det dei skal set­te ut – kryd­der­lukt for å lok­ke ka­ker­lak­ka­ne inn i ein boks der det er limpapir. Rom­met skal også hal­dast mørkt, for ka­ker­lak­kar er natt­ak­ti­ve, og vi har skrudd ned tem­pe­ra­tu­ren. Mengda dyr på limpapiret vil så gje eit bil­de av om­fan­get, sei­er ho.

Limpapiret er også sett inn med eit mid­del som tek li­vet av ka­ker­lak­ka­ne.

– Når kan ein vere kvitt det­te?

– No må av­de­lin­ga vere stengd eit par ve­ker, så kjem Rentokil til­ba­ke og sjek­kar. Dei set òg ut nye fel­ler om det skal vere nød­ven­dig, sei­er drifts­sje­fen, som ser at det vil ta si tid å bli kvitt ska­de­dy­ra.

In­gen pa­nikk

Iføl­gje drifts­sje­fen tek både til­set­te og ele­var dei nye gjes­te­ne på sku­len med fat­ning.

– Det­te er ik­kje noko å få pa­nikk over. Det er ik­kje far­leg med ver­ken ka­ker­lak­kar el­ler lus. Men det er ein uting vi ik­kje har lyst å ha i hus, og vi hå­par å få hand­tert det­te så fort som råd er, sei­er Sol­våg.