Politiet og brannvesen måtte rundt klokka 23.00 tysdag kveld rykkje ut til Måløy sentrum for å hjelpe ambulansepersonell å få roa ned ein person.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Per Rimmen, ville ikkje seie så mykje om kva som skjer litt etter klokka 23.30 tysdag kveld.

- Det er eit helseoppdrag. Utover det kan eg ikkje seie så mykje no. Folk frå politiet er ute for å hjelpe helsepersonell med å få kontroll på situasjonen, sa Rimmen litt over klokka 23.30.

- Har de kontroll på situasjonen?

- Som sagt så jobbar vi med det no, sa han då.

Etter det Fjordenes Tidende får opplyst så skal fleire politifolk vere kalla ut.