Job­ben med å ta ned fem gam­le tur­bi­nar på Mehuken mellom Kvalheim og Kråkenes i Vågsøy har gått et­ter pla­nen.

Det er Kvalheim Kraft som er i gang med vidare utbygging av vindmølleanlegget  Mehuken III

Det betyr at dei skal ta ned fem av dei første møllene som var bygde, og erstatte desse med tre nye og langt kraftigare møller.

– Vi har hatt nok­re vêr­ut­ford­rin­gar, men alt har gått et­ter pla­nen, sei­er byg­ge­lei­ar Rag­nar Ha­gen, som har over­sikt med ar­bei­det på Me­hu­ken III.

Ar­bei­det tok der­for ein li­ten pau­se til det fekk blåst frå seg.

– Tran­spor­ten har også gått fint. Vi be­kla­gar sjølv­sagt dei ulem­pe­ne det har ført med seg for dei som bur nær ruta, men vi har ber­re re­gist­rert ein kla­ge, sei­er Ei­vind Fugl­um i Kval­heim Kraft.

Han for­tel at dei of­ta­re opp­le­ver at folk er oppe med mo­bi­len for å ta bil­de enn at dei er sin­te.

– Det er po­si­tivt å dri­ve bu­si­ness i Mål­øy for folk stil­ler opp, vil oss vel og set pris på at vi er der, sei­er Fugl­um.

Måndag starta job­ben med å til­ret­te­leg­ge for dei nye møl­le­ne for fullt.

– Først er det grunn­ar­beid, og sei­na­re på haus­ten støy­per vi dei tre nye fundamenteringspunkta slik at det­te er klart til mon­te­ring av nye tur­bi­nar i mai nes­te år, sei­er Rag­nar Ha­gen.

Det vil vere dei tre neds­te plas­sa­ne ved gam­le Me­hu­ken I som skal bru­kast.

Det kjem in­gen møl­ler heilt på top­pen.

An­leg­get er ven­ta å vere heilt fer­dig i slut­ten av juli 2015.

Les meir i papirutgåva måndag 1. september.