1. desember er det slutt for Kalvåg og ytre Bremanger som vertsgrender for asylmottak.

Lopex Mottak tapte anbodsrunden om drift dei tre neste åra, og dermed stengjer ein dørene for Bremanger Asylmottak i Kalvåg, melder Firdaposten tysdag.

- Dette er vemodig. Det kom også litt overraskande på oss, seier Margret Frøyen i Kalvåg, som har vore med heilt sidan mottaket blei etablert i Kalvåg for seks år sidan til avisa.

Anbodstapet betyr at det forsvinn heile sju arbeidsplassar i Kalvåg, inkludert norsklærarstillingane som mottaket i Kalvåg sjølve har bygt opp.

- Vi hadde konsesjon for drift i tre år, med opsjon på tre til. No var det ny utlysingsrunde, og der nådde ikkje vår samarbeidspartnar Lopex opp i konkurransen mot andre selskap som driv mottak, fortel Frøyen.

Bebuarane fekk vite UDI si avgjerd på måndag.

- Dei vart svært lei seg. Det er trist for oss også. Vi har heile vegen hatt kjensla av at UDI har vore nøgde med oss, og eg tør påstå vi har drive eit velfungerande mottak med svært lite konfliktar, både internt blant bebuarane og andsynes lokalbefolkninga. Men ifølgje UDI handlar dette kun om pris, og der var vi tydelegvis ikkje konkurransedyktige denne gongen, seier Frøyen.

Asylmottaket har 90 plassar, og Gamleskulen har vore sentral i satsinga. Kva eigarane av bygget no ser føre seg for framtida, ønskjer ikkje Frøyen å spekulere i.