Rundt 250 gjester frå 16 nasjonar var i helga samla i Måløy for å feire Coast Seafood sitt 20-årsjubileum.

– Vi ønskte å vise fram Måløy-samfunnet og røtene våre, fortel adm.dir i Coast Seafood, Sverre Søraa, og legg til:

– Her bor mykje forskjellige folk som går på jobb om dagane og på kveldane er med i både kor, korps, og at alle trår til.

Lokale krefter som Måløy Musikklag og Coast-sjefens bror Isak «Elvis» Søraa var blant dei som sto for underhaldninga under Coast Seafood si jubileum denne helga.

– Denne helga har vi ikkje spart på noko. Det har sjølvsagt kosta litt, men vi trur det vil lønne seg på sikt, smiler Søraa.

Blant 250 inviterte var leverandørar, kundar og tilsette i Måløybedrifta.

Helga starta med ein intimkonsert med Marion Ravn.

– Vi sa til ho at vi ikkje ønskte ein vanleg konsert. Målet var å setje vårt eige preg på alt som skjedde i helga, og spurte om ho kunne halde ein intimkonsert. Og det fekk vi, seier Søraa.

Les mer i mandagsavisen til Fjordenes Tidende!