Asylmottaket i Kalvåg skal leggast ned om to månader. Ei gruppe foreldre engasjerer seg no for tre av asylbarna.

– Det er vanskeleg å stå på sidelinja utan å gjere noko for desse asylbarna. Vi har ingen andre moglegheiter enn å be UDI om å sjå på saka deira, slik at dei kan få lov til å bli i Norge. Difor sender vi eit brev til UDI, der vi forklarer situasjonen, og at vi ønsker å ha dei her, seier Grete Berntzen.

Flytte frå tryggleiken

Grete kom ein dag i snakk med den fortvila asylsøkaren som er mor til to av asylbarna. Tanken om å måtte flytte frå ei trygg hamn i Kalvåg til noko usikkert ein annan stad i Norge, kunne mora ikkje overskue.

– Denne familien har vore i Norge i mange år allereie. Nokre av barna er født og oppvakse her, og kjenner ikkje til noko anna. Asylbarna vi har engasjert oss i er godt integrerte, snakkar norsk og har eit brennande ønske om å få bli i Kalvåg. Vi har samla inn kring 30 underskrifter frå folk som kjenner dei, og som jobbar med dei dagleg, for å vise UDI at vi bryr oss. Vi håpar asylbarna kan få bli i Kalvåg spesielt med tanke på den situasjonen dei er i, fortel Berntzen.

Tenker på barna

Ilona Langeland, opphavleg frå Romania er også ei av dei engasjerte mødrene i Kalvåg. Ho er klar i talen:

– Vi tenker på desse borna som om det skulle vore våre eigne. Vi er redde for dei, og håpar at dei kan få bli i Norge. Vi føler det er heilt feil at dei må flytte, no når dei er så godt integrerte her i vårt samfunn, og dei ønsker verkeleg å få bli.

Lei av å miste vener

– Eg skulle ønske at alle barn fekk lov til å oppleve å vekse opp i eit land som Norge. Vi er usikre på kor mykje dette brevet vil ha å seie, for saka deira, men det er dette vi føler vi kan bidra med, seier Berntzen.

Foreldra er lei av at klassekameratar kjem og går. No meiner dei at ungane fortener å få bli, når dei har vore i Kalvåg i fleire år allereie, ho legg til:

– Etter at asylmottaket kom har det ikkje vore store problem i Kalvåg. Det viser seg at det ikkje er folka ein har noko imot, men heller det at det kjem eit stort asylmottak til ein liten plass. Det er jo folk som kjem hit, og dei tek vi imot som alle andre nye tilflyttarar.

Les meir om saka i papirutgåva onsdag 17. september.