Riksantikvaren har løyvd til saman 3.200.000 kroner til brannsikringstiltak for dei fire kommunane Eid, Lærdal, Aurland og Luster. Alle desse kommunane har kulturhistorisk svært verdifulle tette trehusmiljø som det tidlegare er utarbeida brannsikringsplanar for. Det melder Sogn og Fjordane Fylkeskommune på sine heimesider.

Tilskotet går til gjennomføring av brannsikringstiltak i tråd med planane. I tillegg til tilskotet frå Riksantikvaren har også kommunane lagt inn eigne midlar i prosjekta.

Tilskotet er fordelt til fyljande tettstadar:Gamle Lærdalsøyri: 2.000.000 kroner Undredal: 350.000 kronerSolvorn: 750.000 kronerEid 100.000 kronerBåde Gamle Lærdalsøyri og Eid sentrum er områder som har blitt vurdert til å vere kulturhistoriske tettstadar av nasjonal interesse og er tatt inn på Riksantikvaren sitt NB!Register.Bakgrunnen for tildelinga er at i revidert statsbudsjett for 2014 vart det sett av midlar til brannsikring av verneverdige tette trehusmiljø. Riksantikvaren sendte då ut brev til alle kommunane i landet med informasjon om moglegheita til å søkje om tilskot til brannsikringstiltak som vil redusere risikoen for storbrann i områder som er registrert på Riksantikvaren si liste over verneverdige tette trehusmiljø. Midlane er fordelt direkte frå Riksantikvaren til kommunane.