Trass i at sjukefråværet i helse- og omsorgssektoren er aukande i Selje innfører kommunen reduksjon i vikarbruken.

Endringane medfører at ein allereie hardt pressa sektor vil bli endå hardare pressa.

Det generelle sjukefråværet har passert 13 prosent, og i helse- og omsorgssektoren er talet særleg høgt.

Nyleg fekk politikarane i formannskapet i Selje vite kor pressa økonomien i kommunen er då dei fekk sjå dei førebelse tala for budsjett 2015.

Der vart dei samde om innsparingane, blant anna omdisponering av ressurs i helsesektoren og kraftig reduksjon i vikarbruken.

– Å ikkje leige inn nattevakt eller seinvakt i helg ved sjukdom er urimeleg å påleggje dei. Tenesteleiar utøver godt skjønn og vurderingane her overlet ein til fagpersonane, seier konstituert rådmann Åse Elin Hole.

Ho trur det vil bli uunngåeleg for både sektorar og innbyggjarar å ikkje merke innsparingane på kroppen.

– Eg vil både anta og tru at det vil merkast å vere i ein så alvorleg økonomisk situasjon som kommunen er i dag, og utan innføring av eigedomsskatt vil konsekvensane bli endå tydelegare.

Les heile saka i mandagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.