Ordførar i Selje Ottar Nygård ser positivt på at Helse Førde-sjefen valde å trekke ambulanseplanen frå styremøtet.

Men at dei har misforstått noko går han ikkje med på.

– Å seie at vi har misforstått er ei total undervurdering av kommunane. Når målbiletet dei har laga, klart viser kva for ambulansestasjonar ein tenkjer å legge ned når ein ser framover i tid, så skal vi først bli høyrt når dei reint praktisk begynner nedleggingsjobben? Det er klart vi skjønner det. Men sånn skal vi ikkje ha det, meiner ordføraren.

Han føler seg ikkje behandla som ein likeverdig part i denne saka.

Ordføraren er no glad Helse Førde tok til fornuften og trekte saka frå sakskartet under styremøtet.

– No forventar vi at dei sender heile saka ut til kommunane slik at vi får høve til å uttale oss i tråd med vanlege demokratiske rettar, seier Nygård, som trur administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, ikke hadde nokon annan utveg.

– Eg trur nok styret ville overkøyrt han elles. Eg trur styret var innstilt på at kommunane skal få vere med som avtalepartar og samarbeidspartnasr i denne saka.

Seljeordføraren vil slåst for at Selje får halde på ambulansestasjonen sin.

– Bolstad seier infrastrukturen har endra seg. Fortel meg då kva veg som er ny eller utbetra i Selje kommune! Han pratar mot betre vitande. Dette må handle om å skape tryggleik for folk i fylket og i distriktet vårt.