– Viss no­kon av des­se ele­va­ne kan ten­ke seg å vel­je ak­va­kul­tur, stil­ler eg med lærlingplass, sei­er drifts­lei­ar Vik­tor Flis­ter ved Marine Har­vest.

Ny­leg had­de Flis­ter be­søk av el­le­ve 5.–7.-klassingar frå Da­vik opp­vekst på opp­dretts­an­leg­get like ved Dom­be­stein i Bre­man­ger. Han er glad for å få vist fram kva dei kan til­by ung­dom av framtidsmulegheiter. For i til­legg til at dei øns­kjer sta­bil ar­beids­kraft slit dei også med å fin­ne vak­sen ung­dom til å ta ekst­ra­jobb hos seg.

– Vi har folk på skift kvar helg, men for ik­kje å bru­ke opp dei fast til­set­te, set vi inn vak­sen ung­dom også Men det er ik­kje lett å fin­ne. Her rei­ser dei unge vekk et­ter ung­doms­sku­len for å ta ut­dan­ning, sei­er Flis­ter, som all­tid er på jakt et­ter kan­di­da­tar.

– Ak­ku­rat no har vi vore hel­di­ge og fun­ne oss to flot­te ka­rar frå Da­vik.

Om­vi­sin­ga på anlegget star­ta med ein pre­sen­ta­sjon av Marine Har­vest og opp­drett før dei tok tu­ren ut.

– Her fekk dei gå på ei merd, ta opp små­fis­ken og prø­ve å fôre litt. Alle fekk prø­ve å sty­re den 13,5 me­ter lan­ge ka­ta­ma­ra­nen. Vi for­tal­de om lak­se­lusa og at dei gode hjel­pa­ra­ne, lep­pe­fisk og rogn­kjeks, vi bru­ker for å få bukt med den, sei­er Flis­ter, som for­tel at naturlege hjel­pe­mid­del føre­bels held lusa i sjakk.

Sjå heille saka i papirutgåven til Fjordenes Tidende.