Mannen i 50-åra, som vart sendt til sjukehus etter ein krangel på ein utestad i Eid natt til søndag 16. november, er merka for livet.

Krangelen enda med eit fysisk basketak som igjen enda med at ein mann i 40-åra beit av deler av tommelen til den andre.

Den skadde vart sendt til sjukehus i Førde der han vart liggjande ei veke.

Dei kunne ikkje gjere så mykje, og dermed må mannen leve vidare med at deler av den eine tommelfingeren er borte.

Lensmann i Eid, Vebjørn Moa, seier til Fjordenes Tidende at dei har avhøyrt begge personane som var innblanda i episoden, og vitne til det som skjedde.

- Dei to som krangla, og som sloss, har sine høgst ulike versjonar av det som skjedde. Men det er på det reine at det var under slagsmålet at den eine beit av deler av fingeren til den andre, seier Moa.

Han opplyser at saka er så godt som ferdig etterforska, og at dei vil sende den over til politijurist for vurdering av eventuelt reaksjonar.