Det er ikkje tvil om kva som er favorittmenyen i heimane i Nordfjord på julekvelden. Det er pinnekjøt, eller tørka ribbe av sau.

90 prosent av dei som har svart på siste vekespørsmålet på fjt.no om kva som står på menyen på julekvelden har svart pinnekjøt.

5 prosent har svart svineribbe.

1 prosent har svara lutefisk.

1 prosent har svara torsk.

3 prosent har svart at dei har noko anna.

1.722 har svara på dette spørsmålet. Det betyr at 1.549 av dei som har svara skal ha pinnekjøt i kveld.

Her kan du sjå korleis du kan lage til pinnekjøt.