26. januar møter kommunane Eid, Vågsøy og Selje i rådhuset i Eid, der temaet er det samla risikobiletet for dei tre kommunane, skriv Anita Otneim Hoddevik frå Selje kommune i ei pressemelding.

Med ein felles og overordna ROS-analyse som grunnlag skal kommunane utarbeide planar for oppfølging av arbeidet sitt med samfunnssikring og beredskap, opplyser Otneim Hoddevik, som er prosjektleiar for det interkommunale samarbeidsprosjektet.

Otneim Hoddevik påpeikar at det er viktig med samarbeid over grenser.

– Nabokommunar har fått same utfordringar der uønska hendingar i ein kommune kan få konsekvensar for ei anna. Derfor kan samarbeid om beredskapsarbeid gje betre utnytting av knappe ressursar.

Styringsgruppa for samarbeidsprosjektet er rådmennene i dei tre kommunane.