Cirka 35 personar møtte opp til politisk streik i Selje for å uttrykke si meining om den føreslegne nye lovendringa.

Lovendringa kan ifølgje regjeringa sine nettsider føre til at talet på mellombels tilsetjing kan gå opp til ni, eventuelt tolv, månader utan vilkår.

– Eg meiner det er bra oppslutnad når så mange møter opp til markeringa mot meir førebelse tilsetjingar, meir pålagd overtid og helgearbeid, og mindre påverknad av arbeidstidsordningane for arbeidstakarar, seier Kristian Nave. I Selje var det stand og demonstrasjonstog rundt Nabben.

Også i Bremanger og Eid kommunar vart det onsdag arrangert politiske demonstrasjonar mot den føreslegne lovendringa. I Bremanger samla dei streikande seg i Svelgen samfunnshus.

Anne Karin Førde i Fagforbundet Bremanger, og Ellen Hansen frå Norsk Sykepleierforbund Bremanger, heldt tale i Svelgen samfunnshus under streiken.

– Om det vert gjort så store endringar som det er føreslege, vil det verte katastrofalt, fortalde Anne Karin Førde til Fjordenes Tidende måndag.