– For oss er det ekstremt viktig å ha folket med på råd i denne saka, seier ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

For å få orientert innbyggarane grundig om den pågåande prosessen arrangerer ein derfor tre folkemøte i Bremanger. 3. mars på Davang på Davik, 5. mars på Havly pensjonat i Iglandsvik og 10. mars på rådhuset i Svelgen.

– Hovudmålet med møta er å få informert alle innbyggarane, og fortelle kvar dei kan finne god informasjon om prosessen. Men vi har også eit ønske om å ta pulsen på innbyggarane, få eit lite innblikk i kva dei meiner.

Når innbyggarane er orienterte om kva som skjer, trur ordføraren det vil bli enklare å danne seg ei meining i denne vanskelege saka.

– Då får ein litt meir kjøt på beinet til å ta eit standpunkt, seier ordføraren.