Når Bremanger til slutt vel kva dei vil gjere i kommunereforma, vil folket si meining vere tunga på vektskåla.

– I ein sånn prosess må innbyggarane bli høyrt. Det er jo dei det handlar om. Så ja, kva folket meiner vil vege svært tungt, seier ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

Kommunen engasjerer no alle ungdomsskuleelevane i kommunen for også å få innblikk i kva ungdommen i den attraktive kraftkommunen meiner om kva som bør bli utfallet av kommunereformen i Bremanger.

Får berre vente

Onsdag møttest styringsgruppa for kommunesamanslåingsprosessen. Dei er oppgidde over misforståinga om at dei einsidig greier ut stå åleineløysinga.

– I media kan det virke som det er det einaste vi ser på. Det vi eigentleg gjer er å samanlikne det alternativet med det å slå seg saman, og vurderer sterke og svake sider, fordelar og ulemper for viktige faktorar som produktivitet, kvalitet og tenesteyting. Vi ser på kor effektivt vi driv og korleis vi brukar pengane opp imot kva andre kommunar gjer.

Han registrerer at kommunane, spesielt på kysten, ønskjer fortgang, men meiner naboane får smørje seg med tolsemd.

– Vi legg opp til ein god og ryddig prosess for oss, så får det berre vere litt misnøye i nabo- kommunane. Dei er orienterte om vår framdrift, seier Førde, som satsar på at utgreiinga skal vere kommunestyret i hende rundt september.

– Og etter det ser vi nok mot folkeavstemming eller ei innbyggarundersøking, seier han.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende