Redaktør Erling Wåge lovar lesarane meir lesestoff sjølv om Fjordenes Tidende i mai går frå tre til to aviser i veka.

– Vi kjem til å bli endå betre på nett, i tillegg til at vi skal ha minst like mykje lesestoff i papiravisa, seier Wåge.

Det nye konseptet blir lansert 12. mai. Frå og med denne datoen vil Fjordenes Tidende komme ut tysdag og fredag kvar veke.

– Vi går frå tre til to aviser i veka, samtidig som alle papirabonnentane vil få tilgang til e-avis og vår nye plussløysing på nettsida, fjt.no, seier Wåge, og legg til:

– Vi skal lage like mykje innhald og journalistikk frå kommunane vi dekker. Med den nye løysinga kan lesarane få nyheiter frå ytre Nordfjord, Bremanger og søre Sunnmøre same kvar dei er. Målet vårt er å få nyheitene raskt ut når det skjer. Så vil vi følgje opp med å sjå bak nyheitene i papir- og e-avisa.

Må vere der folk er

Redaktøren og den daglege leiaren i avishuset utdjupar kvifor endringane kjem:

– PC, nettbrett og smarttelefonar har blitt allemannseige. Vi må vere der folk er og formidle nyheitene når dei skjer. Og vi må formidle dei digitalt. Meir satsing på nett betyr at lokalavisa må bruke ressursane sine litt annleis. Fjordenes Tidende slår derfor saman måndags- og onsdagsavisene til ei fyldigare tysdagsavis.

– Og så vil vi satse på å lage ei endå fyldigare helgeavis som kjem ut fredag, seier Wåge.

Vil kjenne igjen avisa

Redaktøren lovar imidlertid at dagens lesarar vil kjenne igjen avisa si også etter 12. mai.

– Vi vil sjølvsagt ha med mykje av det stoffet vi har i dag. Men vi skal gå endå meir bak nyheitene og satse på endå meir personlege historier.

Ifølgje redaktøren har oppslutninga om den digitale satsinga til Fjordenes Tidende vore enorm etter at avisa den siste tida har satsa meir på nettet.

– Mange veker har vi godt over 200.000 sidevisingar på nettsida vår. Og no tek vi denne posisjonsbygginga eit godt steg vidare. Nettavisa har også blitt ein viktig reklamekanal, og vi vil hjelpe lokale butikkar som vil ha kundane til å handle lokalt med eksponering både på papir og digitale plattformer.

Får e-avis og plussløsying

I det nye konseptet vil alle som har avisabonnement også få e-avisa i same pakke.

– Og den blir gjort tilgjengeleg kvelden før den kjem ut, seier Wåge, som fortel at ein samtidig lanserer nye Fjordenes Tidende-pluss som ein del av den nye nettsida.

– Det betyr at ein del av sakene på nettsida berre blir tilgjengeleg for abonnentane. I tillegg vil abonnentane også få tilgang til avisarkivet som er digitalt tilgjengeleg, fortel Wåge.Han har stor tru på retninga Fjordenes Tidende no tek.

– Vi gjer desse endringane for at vi skal kunne tilby lesarane eit best mogleg produkt, og det har vi stor tru på at vi skal klare, avsluttar Erling Wåge.