Klokka 06.30 torsdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde kollidert med ein hjort.

Det skjedde på Fv 614 i Ålfoten.

Viltnemnda vart varsla, seier politiet.

Det var ikkje personskade.

Ein time seinare fekk politiet melding om endå ein hjortekollisjon på Fv 614, denne gongen ved Haukå sør for Svelgen.