Folk strøymde til den nye motebutikken Zavanna som i går opna i Moengården på Nordfjordeid.

– Vi er den einaste Zavanna-butikken mellom Bergen og Åndalsnes, og har kle for damer frå trede og oppover, fastslår dagleg leiar Trine Bjørkedal.

Det har vore hektiske veker for å få alt klargjort til at dørene kunne opnast torsdag.

– Dette har vi gleda oss til. Det er alltid plass til ein ny klesbutikk. Damer har behov for eit større utval, og Zavanna blir eit fint tilskot til dei butikkane som allereie er her, seier Bjørkedal.

Også kunde Eva Haugland er fornøgd med ny butikk.

– Her er litt for alle, og inntrykket er positivt. Det er heilt klart fint å ha litt meir å velje i, seier Haugland.

Regionleiar Tonje Høyem fortel at dei lenge har vore på jakt etter ein stad å etablere seg i Sogn og Fjordane.

– Vi ser på Nordfjordeid som eit knutepunkt til området rundt, både på grunn av sjukehuset og at det er flyplass i nærleiken. Vi vil gjerne at innbyggjarane frå eit stort omland skal kome hit, smiler ho.

Positivt er det også at kjøpesenteret skal byggje ut.

– Ei utbygging her var også med på å avgjere at vi satsar på Nordfjordeid, seier ho. Zavanna er opphaveleg eit dansk merke, og over heile landet er det etablert over femti butikkar.