MS Fjordprins, som går i rute mellom Bergen og Selje, har fredag tekniske problem.

Ruta frå Bergen mot Selje førte til at båten var kraftig forseinka til Måløy. Der vart ruta avslutta.

Bjørn Egil Søndenå, regionssjef for Norled, seier dei har sendt hurtigbåten Frøya nordover for å hente passasjerar frå Nordfjord som skal sørover.

- Vi reknar med at vi er 30 minuttar forseinka. Dagning går frå Selje og plukkar opp passasjerane i Måløy og går til Kalvåg. Der vil Frøya, som er på veg nordover, overta passasjerane og køyre dei vidare i rute til Bergen. Fjordprins som har motortrøbbel er på veg til verkstad, seier Søndenå.